mandag 17. januar 2011

Å venta på regnbogen.


Det går tre sekund.
- Kva den? spør eg. Eg greier ikkje å la vera likevel.
- Regnbogen, seier han.
- Eg kan ikkje sjå den, seier eg.
-Berre vent, den kjem straks det begynner å regna, seier mannen ivrig.
Eg sukkar.
- Eg kan ikkje sjå den. Eg har aldri sett den. Og eg kjem aldri til å sjå den.
Eg høyrer at stemma mi er sur. Og litt sint. Men er han dum som et brød? Har han ikkje sett staven min? Brillene mine? Forstår han null og niks og ingenting? Er han heilt...blind?





































Etter ei lita stund tar han brått venstre handa mi med begge sine. Eg støkk litt, men blir sitjande heilt roleg, som om eg ikkje lèt meg merka med det. Det er ikkje så mange som har tatt handa mi slik. Han held ho berre ei bittelita stund.










- Eg malar, seier han.
- Og av og til er det som eg ikkje kan stola på augo mine, eg må stola meir på draumane eg har. Det hender eg trur meir på det vi kan sjå inni oss enn på verda utanfor. Verda inni oss er meir verkeleg.













































Bjørn Sortland/Marc Chagall/MK

2 kommentarer:

  1. Den er så himla fin... <3 Takk for at du lånte meg den en gang for mange ganger siden :D

    SvarSlett