torsdag 7. juni 2012

Sort

Plutseleg vart håret mitt sort. Ikkje planlagt det grann, men litt gøy for det om. No som eg har slått meg til ro med tanken. Snart blir det nok naturleg igjen(kva er naturleg forresten? dreads, brunt, rødt? kven veit..)
Men akkurat no: sort som kull. Tungt. Tykt. Krusete. Eigentleg er eg litt som Esmeralda. Eller ei anna disney-prinsesse med stort, tykt, sort hår. 

Og ja, eg skriv på nynorsk i kveld. Kvifor, seiar du? Fordi eg skjønte her ein dag kor grusomt lenge det var gått sidan sist eg skreiv nynorsk. Las nynorsk og for den saks skuld. Med fare for ein del feil, publiserar eg dette innlegget no. Og lovar meg sjølv å skrive minst kvart femte innlegg på nynorsk. Fordi ein burde kunne slikt, og berre fordi det er så vidunderleg, latterleg vakkert. 

1 kommentar: